Lørdag 30. august stod Veterinært bærekraftforum og flere enn 60 foreninger og organiasjoner opp for natur og klima! Av apellene gjengir vi Sara Eriksen sin, leder av Legenes klimaaksjon – Etter bildene
Fotos: Thorbjørn Refsum, Rolf Bjerke Larssen, Lovise Tokle Rannekleiv, Åsalinn Arntzen Dale og Jørgen Næss Karlsen.


















Apell ved Sara Eriksen for Legens klimaaksjon
Kjære venner
Mitt navn er Sara, eg er lege og er her i dag sammen med kollegaer i Legenes klimaaksjon fordi klima- og naturkrisa er vår tids største folkehelsetrussel.
Det kan vere utfordrande å ta innover seg dei ekstremt omfattande konsekvensene av klimakrisa for helsa vår, men det er det som er sannheten: konsekvensene er enorme og dei er fatale.
Det skjer både i det stille, og i det voldsomme.
Det voldsomme i form av menneske som drukner etter flommer, hetebølger og skogbrannar som tar liv og gjer folk heimlause, menneske som blir tuvnge på flukt fordi matfatet ikkje lengre strekke til, eller landområdene rett og slett er ubebuelige.
Men klimakrisa rammer også i det stille. I form av auka risiko for hjerneslag, hjertesvikt, for tidleg fødsel for gravide, allergiplager og lungelidelser, for å nevne noko. Høg luftforurensing er ein direkte konsekvens av forbrenning av fossil energi og vi veit allerede i dag at dette bidrar til millionvis av dødsfall globalt. Ein av historiene som har gjort mest inntrykk på meg er 9 år gamle Ella Roberta frå London som i 2014 det første barnet som fekk stadfesta sitt dødsfall i relasjon til luftforurensing. Ella fekk ei astmadiagnose då ho var 7 år. Og til tross for over 30 sjukehusinnleggelser grunna astmaforverringer var det ingen leger som hadde prata med Ella og hennar mor om betydning av luftforurensing for Ella sine symptomer. Og berre for å gjere det klart: eit asmaanfall for eit barn er skummelt. Det struper igjen luftrøret og gjer det vanskelig å puste. I Ella sitt tilfelle: så vanskelig å puste at ho ein septemberkveld i 2014 ikkje fekk nok oksygen med i lungene og døde.
Luftforurensing som følge av forebrenning av olje og gass tar liv. Ella er kun eit eksempel på korleis klimakrisa dreper. Dessverre er ho langt ifrå den einaste.
Klimakrisa ramme urettferdig og allereie ser vi at fleire menneske drivast på flukt. Det å bli tvinga vekk frå sin heim er ein forferdelig dårleg premissleverandør for god helse. Å vere på flukt gjer mennesker mer sårbare og har store store helsekonsekvenser. På flukt blir fleire kvinner (og barn) voldtatt og utsatt for seksualisert vold, på flukt er ein sårbar for alvorleg mental påkjenning og psykiske lidelser, på flukt er det vanskelig å få tilgang til essensielle medisiner som er livsnødvendige.
Ved endt medisinstudium tar vi som leger på oss ein ed og eit løfte om å ikkje skade – og om å avstå fra å gjøre urett. Det er derfor absurd å vite at eg er ein del av eit samfunn, ein del av eit system, og ein del av ein helsesektor med sitt klimafotavtrykk som også bidrar til både helseskade og til urettferdighet.
MEN det er også store muligheter for å gjere noko med dette. Og det er derfor det er SÅ rørande at det er så mange her i dag. Vi bryr oss om kloden, vi bryr oss om kvarandre, vi bryr oss om menneskers helse, vi bryr oss om våre barn si framtid og vi kreve ein reell og rettferdig handling for klimaet og naturen.
Også avslutningsvis vil eg gi ein shoutout til min venn Vebjørn Bjelland Berg som no i 32 dagar har fasta for utfasing av olje og gass. Vebjørn er ein ekstremt klok og raus mann som inspirere med sin visdom og sitt mot. Han har laga eit opprop for å kreve ein reell plan for å fase ut olje og gass og ønske å komme i dialog med Støre om dette. Søk opp Vebjørn på instagram, der finn dykk også link til oppropet og signer det. Om du er i Oslo neste fredag, kom på støttemarkering for Vebjørn ved statsministerens kontor og hjelp han å komme i dialog med Jonas Gahr Støre.
TUSEN TAKK for at dykk er her i dag. Ved å komme sammen, ved å bry oss om kvarandre, kan vi sammen gjere ein forskjell. Og hugs: klimatiltak er det aller aller beste helsetiltaket vi kan gjere!

